Ot.prp.nr.44 (1987–1988), Innst.O.nr.23 (1988–1989), Besl.O.nr.43 (1988–1989), Odels- og Lagtingsvedtak hhv 10 og 22. februar 1989. Fremmet av Justis- og politidepartementet.
Dersom dei ikkje har gjort avtale om forsytingstilskotet etter § 54 første stykket, skal tilskotsfuten få greie på deira arbeid, utdanning, inntekt, formue og andre tilhøve som kan ha noko å seie for fastsetjinga av forsytingstilskotet etter § 54 femte stykket.
Har barnet fylt 15 år, kan sak om kven som skal ha foreldreansvaret og kven barnet skal bu saman med, gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det.
Nåværende tredje punktum blir nytt fjerde punktum.
§ 42 første ledd nye fjerde og femte punktum skal lyde:
Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbot. ein føresetnad for innkrevjing er at den som har retten, ber om det.
Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevja ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jfr. § 39 andre stykket.
§ 48 første ledd nye tredje og fjerde punktum skal lyde:
Namsmannen skal krevje inn tvangsboten. Ein føresetnad for innkrevjing er at den som har retten, ber om det.
Dersom dei vil avtale eit mindre tilskot enn minstesummen etter lov 26. april 1957 nr. 4 om forskuttering av underholdsbidrag til barn § 4 første stykket, må dei ikkje avtale eit lågare tilskot enn etter dei satsane som er fastsette av departementet i medhald av sjuande stykket.
Dersom foreldra ikkje lever saman når barnet vert født, og dei ikkje har gjort avtale om tilskotet, skal tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet.
Lov om endringer i lov av 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) (underholdsbidrag, samværsrett m.v.).
Ot.prp.nr.44 (1987–1988), Innst.O.nr.23 (1988–1989), Besl.O.nr.43 (1988–1989), Odels- og Lagtingsvedtak hhv 10 og 22. februar 1989. Fremmet av Justis- og politidepartementet.
I
I lov av 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) gjøres følgende endringer:
§ 10 annet ledd annet punktum skal lyde:
Dersom dei ikkje har gjort avtale om forsytingstilskotet etter § 54 første stykket, skal tilskotsfuten få greie på deira arbeid, utdanning, inntekt, formue og andre tilhøve som kan ha noko å seie for fastsetjinga av forsytingstilskotet etter § 54 femte stykket.
§ 10 annet ledd fjerde punktum oppheves.
§ 34 tredje ledd nytt tredje punktum skal lyde:
Har barnet fylt 15 år, kan sak om kven som skal ha foreldreansvaret og kven barnet skal bu saman med, gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det.
Nåværende tredje punktum blir nytt fjerde punktum.
§ 42 første ledd nye fjerde og femte punktum skal lyde:
Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbot. ein føresetnad for innkrevjing er at den som har retten, ber om det.
§ 44 annet ledd skal lyde:
Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett.
§ 44 nytt sjette ledd skal lyde:
Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevja ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jfr. § 39 andre stykket.
§ 48 første ledd nye tredje og fjerde punktum skal lyde:
Namsmannen skal krevje inn tvangsboten. Ein føresetnad for innkrevjing er at den som har retten, ber om det.
Nåværende tredje punktum blir nytt femte punktum.
§ 50 første ledd første punktum skal lyde:
Har den eine av foreldra foreldreansvaret aleine, skal denne gje den andre opplysningar om barnet når det blir bede om det.
§ 54 første ledd annet punktum skal lyde:
Dersom dei vil avtale eit mindre tilskot enn minstesummen etter lov 26. april 1957 nr. 4 om forskuttering av underholdsbidrag til barn § 4 første stykket, må dei ikkje avtale eit lågare tilskot enn etter dei satsane som er fastsette av departementet i medhald av sjuande stykket.
§ 54 annet ledd første punktum skal lyde:
Dersom dei ikkje vert samde, kan kvar av dei krevje at tilskotsfuten tek avgjerd om tilskotet.
§ 54 tredje ledd bokstav b skal lyde:
§ 54 femte ledd skal lyde:
Dersom foreldra ikkje lever saman når barnet vert født, og dei ikkje har gjort avtale om tilskotet, skal tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet.
§ 54 syvende ledd skal lyde:
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om utmåling av fostringstilskot etter lova.
§ 57 første ledd skal lyde:
Tilskot som er fastsett av tilskotsfut, fylkesmann eller domstol, kan kvar av foreldra krevje endra dersom særlege grunnar talar for det.
§ 59 første ledd første punktum skal lyde:
Tilskotsfuten kan etter krav, eller i saker etter § 54 femte stykket av eige tiltak, ta førebels avgjerd i tilskotssaker.
Ny § 59 a skal lyde:
Avgjerd om fostringstilskot til barn fastsett av tilskotsfuten kan klagast inn for fylkesmannen.
§ 65 skal lyde:
Spørsmålet om fostringstilskot kan handsamast av tilskotsfuten eller norsk domstol
II
Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.
Endringen i § 44 annet ledd gjelder ikke for barn som er født før loven trer i kraft.