Denne lova gjeld handelsverksemd med brukte og kasserte ting.
Som handelsverksemd vert rekna handel med varer i næring for eiga eller framand rekning og i eige eller i framand namn. Opptak av bestilling av varer i næring for seinare levering vert òg rekna som handelsverksemd.
Handelsverksemd skal drivast i samsvar med god forretningsskikk.
Formålet med lova er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette politiets arbeid med å oppspore slike gjenstandar.
Handelsverksemd med og oppkjøp med sikte på sal av brukte og kasserte ting, medrekna brukte kunstgjenstandar og antikvitetar, krev løyve frå politiet. Ein må ha løyve alle stader der verksemda vert driven, både på innkjøpsstad og salsstad.
Løyve som nemnt i første ledd kan bli nekta og kan trekkjast attende dersom måten verksemda vert driven på, eller andre forhold, gir grunn til å frykte misbruk. Slike vedtak kan klagast inn for departementet etter reglane i forvaltningslova §§ 28-34.
Departementet kan gi forskrifter om verksemd som nemnt i § 2, og verksemd som nemnt i § 3.
Departementet kan òg gi forskrifter om meldeplikt til politiet og om føring av protokoll osv., for foretak som skaffar seg brukte og kasserte ting til bruk i eiga bedrift.
Den som forsettleg eller aktlaust bryt føresegner gitt i eller i medhald av denne lova, eller medverkar til slike brot, vert straffa med bøter eller under skjerpande forhold med fengsel i inntil tre månader.
Lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova).
Ot.prp.nr.61 (1998–1999), Innst.O.nr.16 (1999–2000), Besl.O.nr.30 (1999–2000). Odels- og lagtingsvedtak hhv. 8. og 14. desember 1999. Fremja av Nærings- og handelsdepartementet.
Oppheving av følgjande lov:
Endringar i følgjande lover:
§ 1.Verkeområde, formål m.v.
Denne lova gjeld handelsverksemd med brukte og kasserte ting.
Som handelsverksemd vert rekna handel med varer i næring for eiga eller framand rekning og i eige eller i framand namn. Opptak av bestilling av varer i næring for seinare levering vert òg rekna som handelsverksemd.
Handelsverksemd skal drivast i samsvar med god forretningsskikk.
Formålet med lova er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette politiets arbeid med å oppspore slike gjenstandar.
🔗Del paragraf§ 2.Krav om løyve frå politiet
Handelsverksemd med og oppkjøp med sikte på sal av brukte og kasserte ting, medrekna brukte kunstgjenstandar og antikvitetar, krev løyve frå politiet. Ein må ha løyve alle stader der verksemda vert driven, både på innkjøpsstad og salsstad.
Løyve som nemnt i første ledd kan bli nekta og kan trekkjast attende dersom måten verksemda vert driven på, eller andre forhold, gir grunn til å frykte misbruk. Slike vedtak kan klagast inn for departementet etter reglane i forvaltningslova §§ 28-34.
🔗Del paragraf§ 3.Unnatak frå politiløyve
Føresegnene i § 2 gjeld ikkje for auksjonsverksemd som vert driven av lensmann etter oppdrag frå offentlege styresmakter eller av advokatar.
🔗Del paragraf§ 4.Forskriftsheimel
Departementet kan gi forskrifter om verksemd som nemnt i § 2, og verksemd som nemnt i § 3.
Departementet kan òg gi forskrifter om meldeplikt til politiet og om føring av protokoll osv., for foretak som skaffar seg brukte og kasserte ting til bruk i eiga bedrift.
🔗Del paragraf§ 5.Straff
Den som forsettleg eller aktlaust bryt føresegner gitt i eller i medhald av denne lova, eller medverkar til slike brot, vert straffa med bøter eller under skjerpande forhold med fengsel i inntil tre månader.
🔗Del paragraf§ 6.Ikraftsetjings- og overgangsreglar
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tidspunkt vert lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet oppheva.
Løyve frå politiet gitt med heimel i lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet gjeld òg etter ikraftsetjinga av lova her.
🔗Del paragraf§ 7.Endringar i andre lover
Frå den tid lova trer i kraft vert det gjort følgjande endringar i andre lover:
§ 3-1 andre ledd første punktum skal lyde:
Salg av annet øl enn nevnt i første ledd kan bare foretas på grunnlag av kommunal bevilling.
§ 17 første ledd første punktum skal lyde:
Bevilling kan bare gis til den som anses skikket til å drive handel med skytevåpen og ammunisjon.
🔗Del paragraf