Forskrift om registrering og offentleggjering av mellombalansar

DatoFOR-2020-10-24-2199
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
Ikrafttredelse01.01.2021
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1997-06-13-44-§8-2b, LOV-1997-06-13-44-§8-2c, LOV-1997-06-13-45-§8-2b, LOV-1997-06-13-45-§8-2c
Kunngjort02.11.2020   kl. 16.45
KorttittelForskrift om registrering og offentleggjering av mellombalansar

Heimel: Fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet 24. oktober 2020 med heimel i lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper (aksjeloven) § 8-2b og § 8-2c og lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper (allmennaksjeloven) § 8-2b og § 8-2c.

§ 1.Kva forskrifta gjeld

Forskrifta gjeld for aksjeselskap som skal utføre transaksjonar etter aksjelova § 3-8, § 8-2a, § 8-7, § 8-10, § 9-3, § 10-20 og § 12-2, og allmennaksjeselskap som skal utføre transaksjonar etter allmennaksjelova § 3-8, § 8-2a, § 8-7, § 8-10, § 9-3, § 10-20, § 12-2 og § 13-8, med grunnlag i ein mellombalanse som skal sendast til Rekneskapsregisteret. Forskrifta gjeld òg for mellombalanse som skal nyttast etter allmennaksjelova § 3-11 andre ledd og § 3-19 andre ledd andre punktum.

§ 2.Innsending av mellombalanse til Rekneskapsregisteret – krav til dokumenta og innsendinga

Mellombalanse til Rekneskapsregisteret skal sendast inn elektronisk via Altinn. Dato for fastsetting av mellombalansen og balansedatoen skal gå fram. Mellombalanse skal sendast inn saman med noteopplysningar og eventuell revisjonsmelding.

Registerføraren kan fastsette tekniske krav til innsendinga til Rekneskapsregisteret.

§ 3.Kunngjering

Rekneskapsregisteret skal kunngjere mottekne mellombalansar i Brønnøysundregistera sin elektroniske kunngjeringspublikasjon.

§ 4.Offentleggjering – innsyn i mellombalansar

Rekneskapsregisteret kan gje opplysningar om mellombalansar med vedlegg i form av papirkopiar eller ved elektronisk overføring.

§ 5.Ikraftsetjing

Forskrifta blir sett i kraft 1. januar 2021.