Lov om straff for utlendske krigsbrotsmenn.

DatoLOV-1946-12-13-14
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
Sist endretLOV-2005-05-20-28 fra 07.03.2008, LOV-2003-06-20-45 fra 01.07.2003
KorttittelLov om straff for utlendske krigsbrotsmenn.

Lover er opphevet av lov 20 mai 2005 nr. 28 (i kraft 7 mars 2008 iflg. res. 7 mars 2008 nr. 225). – Sjå lov om rettergangsmåten i straffesaker 22 mai 1981 nr. 25.

§ 1.

Fiendeborgar som har forbrote seg mot lovene og sedvanene for krigsførsle, vert straffa etter norsk lov så framt gjerninga er av det slaget som går inn under norsk straffebod og gjord i Noreg eller vend mot nordmann eller norsk bate. Det same gjeld annan utlending som har forbrote seg såleis medan han var i teneste hjå fienden eller undergjeven honom. Ligg dei vilkåra føre som er nemnde i den borgarlege straffelova​1 § 12, nr. 4, jfr. § 13, første og tredje leden, gjeld det same om gjerning gjord i utlandet så framt gjerninga er vend mot alliert rettsgode eller rettsgode som etter fastsetjing av Kongen skal vera jamstellt med desse.

Føresegnene i §§ 3 til 5 gjeld ikkje der gjerningsmannen må reknes som krigsfange etter Genèvekonvensjonen av 12. august 1949 om behandling av krigsfangar.

0Endra med lov 24 juni 1994 nr. 36 (i kraft 1 juli 1997 iflg. res. 13 juni 1997 nr. 573).
1Lov 22 mai 1902 nr. 10 (strl.).

§ 2.

Eigedomsinndraging, ulovleg rekvisisjon eller kontribusjon, ulovleg pengestraffing og all onnor ulovleg økonomisk vinning, gjennomførd med makt eller med trugsmål om makt, skal reknast for brot på straffeloven​1 § 267, jfr. § 268.

0Endra med lov 20 juni 2003 nr. 45 (i kraft 1 juli 2003, etter res. 20 juni 2003 nr. 712).
1Lov 22 mai 1902 nr. 10 (strl.).

§ 3.

Fengsel- og heftestraff for brotsverk som er nemnt i § 1, kann aukast til det duble. Domen kan setja tvangsarbeid istadenfor onnor fridomsstraff.

Domen kan gå ut på livsvarig fridomsstraff når:

a.gjerninga har valda stor skade på lekam og helse,​1 mykje liding, langvarigt fridomstap eller stor øyding av framand eige,
b.gjerninga førde til at nokon misste livet, endå om ho ikkje var gjord med vilje (forsettlig) i det stykket,​2
c.gjerningsmannen har forbrote seg meir enn ein gong mot kapitel 21, 22 og 25 i straffelova,​3
d.det ligg føre serleg skuldaukande omstende.

Ei bot kan søkjast inn hjå den dømde eller arvingane hans etter reglane i lov om straff og økonomisk ansvar for landsvikarar.​4

0Endra med lover 8 juni 1979 nr. 43, 24 juni 1994 nr. 36 (i kraft 1 juli 1997 iflg. res. 13 juni 1997 nr. 573).
1Jfr. strl. § 9.
2Sjå strl. § 43.
3Lov 22 mai 1902 nr. 10 (strl.).
4Lov 21 feb 1947 nr. 1, sist medtatt i Norges Lover 1682-1969.

§ 4.

Freistnad​1 på slikt brotsverk som er nemnt i § 1, vert straffa på same måten som gjord gjerning. Medverking er det òg straff for.

1Sjå strl. § 49.

§ 5.

Naudtilstand​1 og påbod frå føresette er ikkje straff-fritakingsgrunn for brotsverk som er nemnt i § 1.​2 Men retten kan taka omsyn til nemnde tilhøve og gå under minstestraffa som lova set for gjerninga, og nytta straff av mildare slag. Ligg det føre serleg skuldminkande omstende, kan straffa falla bort.

1Sjå strl. § 47.
2Sjå lov 22 mai 1902 nr. 13 (milstrl.) § 24.

§ 6.

I saker om brotsverk som nemnt i § 1, skal det når strafferamma for brotsverket har prosessuell tyding, ikkje takast omsyn til føresegnene i § 3.

0Endra med lov 24 juni 1994 nr. 36 (i kraft 1 juli 1997 iflg. res. 13 juni 1997 nr. 573).

§ 7.

Denne lova tek til å gjelda straks.