Trenger du brukerveiledning?
Få svar på ofte stilte spørsmål her (FAQ)
Lovdata kan dessverre ikke svare på spørsmål angående juridiske problemer. Lovdata kan heller ikke bidra med å tolke regelverket eller finne frem til rettsregler som passer i et bestemt tilfelle. Kontakt den offentlige etaten spørsmålet gjelder, eventuelt advokat eller rettshjelper hvis du har behov for slik bistand.
Fant du ikke det du lette etter?
Send en e-post til support@lovdata.no
Lov om tomtefeste 1975
Lova vart opphevd av ny tomtefestelov 20 des 1996 nr. 106, i kraft 1 jan 2002, men sjå den lova § 44 om innløysingskrav.
Allmenne føresegner.
§ 1.
Lova her gjeld feste (leige) av grunn til hus1 som festaren (leigaren) har eller får på tomta.
Inn under lova går òg bruksrett til grunn som skal nyttast til veg, bilplass, hage eller liknande i samband med hus på festegrunnen. Dette gjeld òg ein særleg bruksrett som bortfestaren har over framand eigedom og overlet til festaren, så langt det er tale om rettshøvet mellom festaren og bortfestaren.
Om høvet til grunneigaren der bortfestaren er leigar av festegrunnen, gjeld reglane i § 30.
Lova gjeld ikkje grunnleige der hovudføremålet er anna enn hus og bruk i samband med hus.
§ 1 a.
Kongen kan i forskrift fastsetje om og kor langt lova skal gjelde for Svalbard, Jan Mayen, Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Maud Land.
§ 2.
Føresegnene i lova kan ikkje fråvikast i avtale utan når dette er sagt i lova1 eller går fram av samanhengen.
§ 3.1
Avtale om tomtefeste skal gjerast skriftleg og føremålet med festet bør oppgjevast i avtala.
Ei munnleg avtale vert likevel bindande når bortfestaren har tatt mot vederlag for festet,2 eller når festaren i samsvar med avtala har tatt over festet utan motsegn frå bortfestaren ved å ta til med arbeid på tomta eller på annan måte. Kvar av partane har i så fall krav på å få avtala sett opp skriftleg.
§ 4.1
Avtale om at bortfestaren kan krevje at festaren innløyser tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus før festetida etter avtala elles er ute, er ikkje bindande for festaren.
§ 5.1
Avtale om lån som vilkår for festeretten er ikkje bindande for festaren. Er lånet heilt eller delvis ytt, kan festaren krevje det tilbake.
Det same gjeld om tilskott (innfestingssum) som vilkår for festeretten. Det kan likevel avtalast at festaren skal yte tilskott2 svarande til påkostnaden, dersom bortfestaren etter avtala skal opparbeide veg, leggje vatn- eller kloakkleidning eller gjere andre tiltak til nytte for festetomta, eller bortfestaren skal koste slike tiltak som er eller vert gjort av kommunen eller andre. Tilsvarande gjeld for tiltak som bortfestaren har gjort eller kosta i tida før avtala.
Når festetida er ute eller festet elles fell bort, kan festaren krevje ei rimeleg godtgjersle for verdauke som han har tilført tomta med eigne tiltak eller med tilskott til tiltak som er gjort av bortfestaren eller andre.3
Festetid.
§ 6.1
Feste av tomt til bustadhus eller fritidshus2 gjeld for 80 år, dersom det ikkje er avtalt lengre tid eller feste utan tidsavgrensing. Kortare festetid kan avtalast dersom festaren, når tida er ute, har rett til fornying på same vilkår som før, slik at festetida samanlagt vert minst 80 år.
Det kan avtalast at festaren skal ha rett til oppseiing3 før eller etter at minstetida er ute, og at også bortfestaren skal ha slik rett etter at minstetida er ute.
Lenging av feste etter at minstetida er ute, kan avtalast utan tidsavgrensing, på åremål (med eller utan rett til fornying) eller for levetida til festaren og ektemaken. For lenging på åremål gjeld inga ny minste festetid, Det kan avtalast at partane skal ha oppseiingsrett, eller at berre festaren skal ha slik rett.
Når reguleringsomsyn taler for det, kan Kongen4 for eit avgrensa område gje forskrift om ei kortare minste festetid enn fastsett i første stykket. I så fall kan det òg gjevast forskrift om ei lengste festetid i området og likeins om unntak fra innløysingsrett etter §§ 10 og 11. Dersom staten, ein kommune eller annan offentleg skipnad er bortfestar, kan Kongen4 jamvel i einskildhøve godkjenne avtale om kortare festetid.
Reglane om minste festetid står tilbake for det som følgjer av fordelingsordning fastsett i medhald av lov 10 desember 1971 nr. 103 om planlegging i strandområder og fjellområder § 11.5
§ 7.1
Feste av tomt til anna enn bustadhus eller fritidshus2 kan avtalast utan tidsavgrensing eller på åremål (med eller utan rett til fornying).
Så langt ikkje anna følgjer av det som er avtalt, gjeld festet utan tidsavgrensing og på oppseiing3 med like rett for partane. Det kan avtalast at berre festaren skal ha oppseiingsrett.
Feste av tomt til fabrikk- eller forretningsbygg gjeld på åremål for 80 år, om ikkje anna følgjer av det som er avtalt.
Reglane foran gjeld jamvel der noko skal vere husvære, dersom hovudføremålet er anna.
For feste av tomt til skur, brakke eller liknande tilskiping som lett kan takast bort, gjeld første og andre stykket utan omsyn til om føremålet er husvære, fabrikk, forretning eller anna. Kongen4 kan gje forskrift om lengstetid, oppseiingsfrist og andre særvilkår for slike festehøve.
§ 8.1
Ved feste på oppseiing er fristen for oppseiing 2 år, om ikkje anna følgjer av det som er avtalt.
Avtalt oppseiingsfrist må avpassast etter kva slag byggverk det skal vera på tomta, og må ikkje setjast urimeleg kort. Kortare frist enn 6 månader er ikkje i noko høve bindande for festaren. Ved feste til bustadhus eller fritidshus2 kan ikkje avtalast kortare frist enn 2 år for oppseiing frå bortfestaren si side.
Kongen3 kan i forskrift fastsetje andre fristar for særlege festehøve der allmenne eller offentlege omsyn taler for det.
§ 9.1
Kvar av partane kan krevje tingingar om lenging av festet2 når festet er på åremål for ei tid av 10 år eller meir. Det same gjeld når festet er på oppseiing3 og vert oppsagt etter at det er gått 10 år eller meir av festetida.
Krav på tingingar etter første stykket kan tidlegast setjast fram to år før festetida er ute.
Innløysing og rett til lenging av festet.
§ 10.1
Tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus,2 kan festaren krevje innløyst – tidlegast – når det er gått 50 år av festetida,3 og seinare kvar gong det er gått nye 10 år av festetida, eller – seinast – når festetida er ute. Festaren må sende skriftleg melding til bortfestaren om at han vil nytte innløysingsretten, seinast 1 år før innløysingstida er inne etter første punktum, elles fell kravet bort.
Så lenge tomt festa bort til fritidshus høyrer til eit familiebruk eller kombinasjonsbruk innan landbruket og det festeareal som høyrer til bruket til saman utgjer ein turvande del av inntektsgrunnlaget, gjeld innløysingsretten ikkje så framt ikkje anna er avtalt, jfr. første stykket. Festeavtale til tomt som det etter dette ikkje er innløysingsrett til, kan festaren krevje lengd på same vilkår som før, kvar gong for minst 10 år,4 så framt omsyn til landbruket ikkje gjev rimeleg grunn til at festet skal opphøre. Held eigedomen som tomta er festa bort frå opp med å vere eit familiebruk eller kombinasjonsbruk, kan festaren søkje Kongen5 om å få løyse inn tomta. Kongen4 kan i forskrift gje nærare føresegner om gjennomføring av slik innløysingsrett.
Dersom særlege offentlege omsyn gjer seg gjeldande, skal innløysingsretten ikkje gjelde når tomta høyrer til staten eller ein kommune eller annan offentleg skipnad som Kongen5 fastset. Andre stykket andre punktum gjeld tilsvarande, så framt særlege offentlege omsyn ikkje gjev rimeleg grunn til at festet skal opphøre. Fell dei særlege offentlege omsyna seinare bort, kan festaren søkje Kongen5 om å få løyse inn tomta. Kongen kan5 i forskrift gje nærare føresegner om gjennomføring av slik innløysingsrett.
Innløysingsretten gjeld heller ikkje når tomta høyrer til ein statsallmenning6 eller bygdeallmenning7 eller er eit sameige mellom bruk som nemnd i andre stykket. Kongen kan5 i forskrift gje nærare føresegner om avgrensing av unntaket frå innløysingsrett når det gjeld tomt som er eit sameige mellom bruk, om rett til å krevje lenging av festet og om gjenomføring av innløysingsrett i tilfelle der vilkår for unntak ikkje lenger ligg føre i slike høve.
Innløysingsrett eller rett til lenging av festet kan ikkje gjerast gjeldande i større mon enn det som kan sameinast med bortfestaren sitt rettsgrunnlag etter lov eller avtale, utan det gjeld avtale som må stå tilbake for festeretten etter allmenne reglar.
Kongen8 kan i forskrift gje nærare føresegner om kva som skal følgje med ved innløysing og på kva måte innløysingsrett kan gjerast gjeldande:
Føremålet med føresegner etter førre stykket, kan m.a. vere at den grunndisponering som er fastsett i plan for området, ikkje vert vesentleg skipla, og at fordelingsordning, skyldnad til opparbeiding og vedlikehald av fellesanlegg, råderettsinnskrenkingar og anna slikt vert ståande ved lag.
§ 11.1
Krav om innløysing etter § 10 høyrer under skjønn,2 som fastset innløysingssummen og innløysingsvilkåra elles. Når festaren har sendt melding etter § 10 første stykket, kan kvar part krevje skjønn. Skjønn i samband med innløysing etter § 10 andre stykket, kan ikkje krevjast før det ligg føre samtykke til innløysing frå Kongen.3
Kravet om innløysing fell bort dersom skjønn ikkje er kravd seinast 1 år før den aktuelle innløysingstida etter § 10 første stykket eller innan 6 månader etter at det er gjeve samtykke til innløysing etter § 10 andre stykket.
Innløysingssummen skal fastsetjast i samsvar med tomteverdet på innløysingstida, med frådrag for verdauke som festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller med tilskott til tiltak som er gjort av andre.4 Tomteverdet må ikkje reknast høgare enn ved verdsetjing i oreigning.5
Kongen kan gje nærare føresegner om gjennomføring av innløysinga.6
Festeavgift.
§ 12.1
Retten til bortfeste eller til å krevje festeavgift kan ikkje skiljast frå eigedomsretten til festetomta, utan når det gjeld krav på forfalne terminar. Dette er ikkje til hinder for at grunn vert leigd bort med rett for leigaren til å feste bort (framfeste) tomter til hus for andre.2
Er ikkje anna avtalt, kan bortfestaren krevje at festeavgifta skal betalast på forskot for året.
For skuldig festeavgift for dei tre siste åra har bortfestaren panterett i festet og i byggverk som festaren har på tomta.3 Er det sagt i festeavtala at bortfestaren skal ha slik panterett, gjeld reglane i tinglysingslova4 § 21 tredje stykket tilsvarande, såleis at panteretten går føre alle rettstiftingar i tomta som skriv seg frå festaren.
§ 13.1
Festeavgifta må ikkje setjast høgare enn det som svarar til ei rimeleg avkasting av tomteverdet – med frådrag for tilskott etter § 5 – og under omsyn til rentenivået.
§ 14.1
Kvar part kan krevje regulering av festeavgifta kvart tiande år av festetida. Det kan avtalast at reguleringsterminen skal vere meir enn 10 år, eller at det ikkje skal vere høve til å krevje regulering i det heile.
Den nye festeavgifta skal fastsetjast i samsvar med tomteverdet på reguleringstida, med frådrag for verdauke som festaren har tilført tomta, med eigne tiltak eller med tilskot til tiltak som er gjort av andre.2 Tomteverdet må ikkje reknast høgare enn ved verdsetjing i oreigning.3 Avgjerda høyrer under skjønn.4
Det kan avtalast regulering på grunnlag av ein offisiell verdimålar (indeks) utan skjønn. Kongen kan gje forskrift om kva for verdimålar som her kan nyttast og om utrekninga.5 I avtala eller forskrifta kan fastsetjast at den nye festeavgifta ikkje må liggje over det som svarar til tomteverdet ved verdsetjing i skjønn etter andre stykket.
§ 14 a.
Kongen kan treffe vedtak om høyeste lovlige festeavgift og gi nærmere bestemmelser om gjennomføring av vedtaket og kontroll med at det etterleves.
Råderetten.
§ 15.1
Festaren har rett til å bruke tomta i samsvar med føremålet for festet,2 slik tida og tilhøva krev. Så langt det er rimeleg etter føremålet med festet, skal bruken elles vere slik at tomta kan leverast tilbake ved slutten av festetida i om lag like god stand som ved overtakinga. Føresegnene i dette stykket gjeld så langt ikkje anna følgjer av det som er avtalt.
Er tomta festa til bustadhus eller fritidshus, kan festaren hogge ned og nytte tre på tomta. Det kan avtalast at festaren ikkje skal ha rett til å hogge tre på tomta. Men i så fall kan festaren krevje at bortfestaren i rimeleg mon tar bort tre som hindrar utsikt eller på annan måte er til ulempe, og setje seg imot hogst av tre som bør verte ståande for trivnaden si skuld. Er det ikkje sagt noko i avtala om storleiken på tomta, gjeld reglane i dette stykket for eit areal på 1 mål, medrekna der huset står og høveleg avrunda etter tilhøva på staden.
Festaren må ikkje nytte rådveldet sitt såleis at det vert uturvande til skade eller ulempe for bruken etter at festetida er ute.
§ 16.1
Festaren har rett til å føra festeretten over til ein annan.
Retten til overføring kan avgrensast i avtale dersom festet ikkje er inngått eller lengd for lengre tid enn 10 år, eller dersom stat eller kommune er bortfestar og særlege offentlege omsyn taler for avgrensing. Det same gjeld så lenge tomta står ubygd og overføringa er til andre enn ektemake eller livsarving. Feste som er lengd for levetida til festaren og ektemaken,2 kan ikkje overførast til andre utan at dette følgjer av det som er avtalt.
Festeretten kan berre overførast til ein som bortfestaren godkjenner, om ikkje anna følgjer av det som er avtalt. Godkjenning kan berre nektast når det er sakleg grunn til det.
Nektar bortfestaren godkjenning, skal han gje skriftleg melding om det til båe partar i overføringsavtala innan 1 månad etter at han tok mot søknaden om godkjenning. Nektinga skal grunngjevast.
Reglane i tredje stykket gjeld tilsvarande ved tvangssal. Namsretten3 set ein frist for bortfestaren til fråsegn og avgjer om kjøparen skal godkjennast.
§ 16 a.(Oppheva)
§ 17.1
Festaren har rett til å pantsette festeretten og dei byggverk han har eller får på tomta, så langt ikkje anna følgjer av lovbod eller avtale om at festeretten ikkje kan overførast.2
Avtale om at festeretten ikkje kan overførast så lenge tomta står ubygd, hindrar ikkje pantsetjing for byggelån og tvangssal for slik pant.
Festeretten kan berre pantsetjast saman med dei byggverk festaren har eller får på tomta.2 Byggverka kan ikkje pantsetjast utan saman med festeretten.
Vert festaren eigar av tomta, går tinglyst panterett i festet over til å gjelde panterett i tomta (grunnen) frå den tid då festaren får tinglyst eigarheimel, om ikkje anna er avtalt.
§ 18.1
Utan samtykke frå bortfestaren kan festaren ikkje stifte særlege råderettar2 for andre over tomta.
§ 18 a.1
Festaren og bortfestaren kan krevja omskiping av særlege råderettar som bortfestaren eller ein annan har i festetomta etter reglane i lov 29 november 1968 om særlege råderettar over framand eigedom §§ 5 og 6 jf § 8. Festaren kan krevje avskiping av slike rettar etter reglane i same lov § 7 jf § 8. For avgjerda om omskiping eller avskiping gjeld nemnde lov §§ 18 og 19 tilsvarande.
Avvikling når festetida er ute.
§ 19.1
Når festetida er ute,2 skal festet så langt råd er avviklast slik at ingen av partane vert vanhjelpne og verdiar ikkje går til spille i utrengsmål.
§ 20.1
Festaren har rett til å ta bort hus og faste tilskipingar som høyrer han til, om ikkje anna er avtalt.2
Vil borttakinga føre til at verdiar spillest i utrengsmål, kan bortfestaren få rett til å overta hus og faste tilskipingar mot vederlag, om ikkje dette etter tilhøva vil vere urimeleg mot festaren. Avgjerda høyrer under skjønn.3
Hus eller tilskiping som festaren ikkje tar bort innan rimeleg tid etter at han har fått skriftleg oppmoding om det, tilfell bortfestaren utan vederlag så langt ikkje anna følgjer av § 21.
§ 21.1
Bortfestaren kan krevje at festaren ryddiggjør tomta innen rimeleg tid, om ikkje anna er avtalt.
Vil ryddiggjeringa føre til at verdiar spillest i utrengsmål eller på annan måte verke urimeleg mot festaren, medan bortfestaren kan vere vel tent med å overta hus og faste tilskipingar mot vederlag, kan festaren få rett til å krevja at bortfestaren gjer det.
Gjeld det feste av tomt til bustadhus eller fritidshus, kan festaren jamvel om vilkåra i andre stykket ikkje ligg føre, krevje at bortfestaren overtar hus og faste tilskipingar som festaren har på tomta, når desse er slike som det etter føremålet for festet er naturleg å ha der.
Bortfestar har ikkje overtakingsplikt etter tredje stykket når festaren på vanlege vilkår har fått tilbod om kjøp av festetomta eller ei rimeleg lenging av festet, men ikkje har vore viljug til det. Tilbod om lenging må gjelde minst 15 år.
Avgjerd om plikt til overtaking etter denne paragrafen og om vederlag for overtakinga høyrer under skjønn.2 Når vederlaget vert fastsett, skal det særleg takast omsyn til kva bruksverde det overtatte vil ha for bortfestaren. Festaren kan gå frå kravet om overtaking etter at vederlaget er endeleg fastsett, så framt han seier frå om det innan 4 veker.
Mishald og avvikling etter heving.
§ 22.1
Gjev bortfestaren ikkje festaren rådvelde over tomta til avtalt tid, kan festaren krevje avslag i avgifta. Dersom dryginga er vesentleg, kan festaren heve festeavtala. Festaren kan krevje skadebot dersom det ikkje vert opplyst at dryginga ikkje kan tilreknast bortfestaren.
Om anna mishald frå bortfestaren si side gjeld vanlege reglar.
§ 23.1
Når festaren hever festeavtala, har han rett til å ta bort hus og faste tilskipingar som høyrer han til.
Vil borttakinga føre til at verdiar spillest i utrengsmål, kan bortfestaren få rett til å overta hus og faste tilskipingar mot vederlag, om ikkje dette etter tilhøva er urimeleg mot festaren.
Hus eller tilskiping som festaren ikkje tar bort innan rimeleg tid etter at han har fått skriftleg oppmoding om det, tilfell bortfestaren utan vederlag så langt ikkje anna følgjer av fjerde stykke.
Vil festaren ikkje ta bort hus og tilskipingar, kan han krevje at bortfestaren skal overta dei mot vederlag, om ikkje dette etter tilhøva ville verke urimeleg.
Avgjerd om overtaking etter andre eller fjerde stykket og om vederlag for overtakinga, høyrer under skjønn.2
§ 24.1
Misheld festaren festeavtala og er mishaldet vesentleg, kan bortfestaren heve festeavtala, om ikkje anna er avtalt. Det kan ikkje avtalast at bortfestaren kan heve når mishaldet ikkje er vesentleg. Det er her ikkje avgjerande om avtala fastset at ei viss åtferd frå festaren si side skal reknast for vesentleg mishald.
Etter at festaren har bygd hus på tomt som er bortfesta til bustadhus eller fritidshus, kan ikkje bortfestaren heve festeavtala av den grunn at festaren forsømer å betale festeavgifta i rett tid. Det same gjeld etter at festaren har bygd hus på tomt som er bortfesta til anna enn bustad- eller fritidshus, såframt festet er avtalt for 99 år eller meir eller gjeld utan tidsavgrensing.
Har bortfestaren tap som følgje av mishald frå festaren, kan han krevje skadebot etter vanlege reglar.
§ 25.1
Når bortfestaren vil heve festeavtala, skal han gje panthavarar med tinglyst pant i festet melding om det.
§ 26.1
Når bortfestaren hever festeavtala,2 har festaren i høve til bortfestaren rett til å ta bort hus og faste tilskipingar som høyrer han til.
Vil borttakinga føre til at verdiar spillest i utrengsmål, har bortfestaren rett til å overta hus og faste tilskipingar mot vederlag, om ikkje dette etter tilhøva vil vere urimeleg mot festaren. Avgjerda høyrer under skjønn.3
Bortfestaren kan krevje at hus og tilskipingar som høyrer festaren til, førebels vert ståande til trygd for skadebotkrav som bortfestaren meiner å ha. I så fall skal han utan tarvlaus dryging ta steg til å få kravet rettsleg avgjort.
Hus eller tilskipingar som festaren ikkje tar bort innan rimeleg tid etter at han har fått skriftleg oppmoding om det, tilfell bortfestaren utan vederlag så langt ikkje anna følgjer av § 27.
§ 27.1
Når bortfestaren hever,2 kan han krevja at festaren ryddiggjer tomta innen rimeleg tid, om ikkje anna er avtalt.
Vil ryddiggjeringa føre til at verdiar spillest i utrengsmål eller på annan måte verke urimeleg mot festaren, medan bortfestaren kan vere vel tent med å overta hus og faste tilskipingar mot vederlag, kan festaren få rett til å krevje at bortfestaren gjer det.
Avgjerd om plikt til overtaking etter denne paragrafen og om vederlag for overtakinga, høyrer under skjønn.3 Når vederlaget vert fastsett, skal det særleg takast omsyn til kva bruksverde det overtatte vil ha for bortfestaren.
Innsøking av avgift.
§ 28.
Krav på festeavgift i samsvar med skriftleg avtale er tvangsgrunnlag for utlegg.1
Paragrafen gjeld tilsvarande for krav om festeavgift etter avgjerd i skjønn etter § 14 andre stykket. Så lenge den nye festeavgifta ikkje er fastsett i skjønnsavgjerd eller skriftleg avtale, kan avgifta søkjast inn med den tidlegare gjeldande summen.
Skjønn.
§ 29.
Skjønn etter lova her vert haldne som rettslege skjønn.1 I lensmannsdistrikt kan skjønnet styrast av lensmannen, dersom partane er samde om det.
Om høvet til grunneigar der bortfestar er leigar.
§ 30.1
Har bortfestaren leigd grunn av eigaren med rett2 til å feste bort (framfeste) grunn til hus for ein festar (framfestar),3 gjeld desse reglane:
Eldre festehøve.
§ 31.
Lova gjeld heilt ut der festeavtale vert inngått etter at lova tok til å gjelde.1
Lova gjeld likeins der avtale om lenging av eldre feste vert inngått etter at lova tok til å gjelde. Føresegnene i § 5 skal likevel ikkje vere til hinder for at vilkår om lån som er ytt før lova tok til å gjelde, vert halde oppe i lengingsavtale som nemnd.
For eldre feste gjeld lova så langt ikkje anna følgjer av § 32. Festet vert rekna for eldre der festeavtala og eventuell seinare lengingsavtale er inngått før lova tok til å gjelde.
§ 32.
Lova gjeld for eldre festehøve1 med desse unntak eller brigde:
Føresegna i § 3 gjeld ikkje.
Føresegna i § 4 gjeld for eldre festehøve. Føresegna gjeld likevel ikkje for avtaler som er inngått før tomtefestelova tok til å gjelde 1. januar 1976, dersom det ville verke urimeleg for bortfestaren om han ikkje kunne krevje innløysing.
I § 5 gjeld ikkje første og andre stykket. Om ikkje anna følgjer av det som er avtalt, gjeld tredje stykket der festetida går ut eller festet elles fell bort etter at lova tok til å gjelde.
Føresegnene i §§ 6-8 gjeld ikkje.
For feste som ville ha gått under § 6, er oppseiingsfristen 2 år dersom ikkje lengre tid er avtalt.
– – –
Festaren har ikkje innløysingsrett til tomta utan det ligg føre samtykke etter § 33.
Paragraf 12 første stykket gjeld ikkje fråskiljing som er tinglyst før lova tok til å gjelde.
Panteretten etter § 12 tredje stykket gjeld berre festeavgift som forfell etter at lova tok til å gjelde, og står tilbake for panterett som er tinglyst før lova tok til å gjelde.
Føresegna i § 13 gjeld berre der festeavgifta vert auka i avtale (endringsavtale) etter at lova tok til å gjelde.
Føresegna i § 14 gjeld berre der det etter at lova tok til å gjelde, vert gjort avtale (tilleggsavtale) om rett for ein part til å krevje regulering av festeavgifta.
Festaren har rett til å føre festeretten over til ein annan (jfr. § 16), om ikkje anna følgjer av det som er avtalt.
Dersom festeretten berre kan overførast til ein som bortfestaren godkjenner, gjeld § 16 tredje, fjerde og femte stykket tilsvarande.
Festaren har rett til å pantsetje festeretten og dei husa han har eller får på tomta (jfr. § 17), om ikkje anna følgjer av det som er avtalt.
Tredje stykket i § 17 gjeld berre pantsetjing i tida etter at lova tok til å gjelde, og tidlegare pantsetjing som ikkje er tinglyst før lova tok til å gjelde.
Fjerde stykket i § 17 gjeld berre der festaren får tinglyst eigarheimel etter at lova tok til å gjelde.
Føresegnene i §§ 19-21 gjeld berre der festetida går ut etter at lova tok til å gjelde.
Føresegnene om avslag i avgifta og om skadebot gjeld berre for mishald i tida etter at lova tok til å gjelde.
Føresegnene om heving og avvikling etter heving gjeld berre der festar eller bortfestar hever festeavtala etter at lova tok til å gjelde, men utan omsyn til om det er for mishald før denne tida.
Føresegnene i § 30 nr. 1 og 2 gjeld ikkje.
Føresegnene i § 30 nr. 3 og 5 om rett eller skyldnad til overtaking etter §§ 20 og 21 gjeld berre der festetida går ut etter at lova tok til å gjelde. Føresegnene om overtaking i hevingstilfelle etter §§ 23, 26 og 27 gjeld berre der festar eller bortfestar hever festeavtala etter at lova tok til å gjelde. Har bortfestaren (leigaren) overtatt etter krav i medhald av dette stykket, gjeld føresegna i § 30 nr. 4.
§ 33.
Kongen1 kan samtykke i at festaren får rett til å krevje innløyst tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus før lova tok til å gjelde.2 I samtykket kan innløysingsretten avgrensast til ein del av festegrunnen, og det kan setjast særlege vilkår elles, t.d. råderettsinnskrenkingar. Elles gjeld føresegnene i § 10 andre til sjuande stykket tilsvarande.
Samtykke skal som regel gjelde innløysing frå den dag då festet er slutt. Søknad om samtykke til innløysing må sendast inn seinast 2 år før festetida er ute der festet er på åremål, og elles i rimeleg tid etter at festaren har fått oppseiing. Kongen1 kan gje oppreising mot orsakande forsømming av fristen, såframt søknad er send inn før festetida er ute. Er søknaden ikkje avgjord når festetida er ute, har festaren rett til å bruke tomta på same vilkår som før til det er gjort endeleg vedtak i saka. Om sakførebuinga gjeld lov 23 oktober 1959 om oreigning av fast eigedom § 5 og §§ 11 til 15 tilsvarande.
Når særlege grunnar talar for det, kan det gjevast samtykke til innløysing kortare eller lengre tid før festet er slutt, og endå der festet gjeld utan tidsavgrensing. I slike tilfelle kan innløysingstida ikkje setjast tidlegare enn 2 år etter at festaren har sendt inn søknad om samtykke til innløysing. Har festaren tidlegare fått avslag på slik søknad, kan ny søknad etter dette stykket ikkje sendast inn før etter 10 år.
Når samtykke til innløysing er gitt, kan festaren få innløysinga gjennomførd ved skjønn3 som fastset innløysingssummen og innløysingsvilkåra elles. Samtykket fell bort dersom skjønn ikkje er kravd innan 1 år. Elles gjeld § 11 tredje og fjerde stykket tilsvarande. Frådrag for verdauke som er nemnd i § 11 tredje stykket første punktum, skal likevel berre gjerast så langt festaren har krav på godtgjersle som nemnd i § 5 tredje stykket (sjå § 32 nr. 1 andre stykket andre punktum).
Når særlege grunnar taler for det, kan festaren få samtykke til å krevje festetomta innløyst hjå ein grunneigar som ikkje er bortfestar, dersom grunneigaren har leigd bort grunnen til bortfestaren med rett til å feste han bort til hus for ein festar.
Iverksetjing.
§ 34.
Lova gjeld frå den dag Kongen fastset.1