Språkgrensesnittpakke (Language Interface Pack) for Windows 7
Windows 7 Language Interface Pack (LIP) gir deg eit delvis omsett brukargrensesnitt for dei mest brukte områda av Windows 7.
Viktig! Ved å velje språk nedanfor endrar du alt sideinnhald til dette språket.
Versjon:
1.0
Dato publisert:
1.3.2010
Filnamn:
LIP_nn-NO-64bit.mlc
LIP_nn-NO-32bit.mlc
Filstorleik:
4.0 MB
2.5 MB
Windows Language Interface Pack (LIP) gir deg ein delvis omsett versjon av dei mest brukte områda av Windows. Når LIPen er installert, vil teksten i vegvisarar, dialogboksar, menyar, emne i Hjelp og støtte og andre element i brukargrensesnittet bli vist på LIP-språket. Teksten som ikkje er omsett, blir vist på originalspråket for Windows 7. Dersom du for eksempel har kjøpt ein norsk (bokmål) versjon av Windows 7 og installert ein nynorsk LIP, vil delar av teksten framleis vere på bokmål. Det er mogeleg å installere Windows-LIPar på alle Windows 7-versjonar.Støtta operativsystem
Windows 7
• Microsoft Windows 7
• Installasjon av det påkravde originalspråket for Windows 7: Norsk (bokmål)
• 4,63 MB ledig plass til nedlasting
• 15 MB ledig plass til installasjon
- ÅTVARING! Dersom du har aktivert BitLocker-kryptering, må du deaktivere krypteringa før du installerer LIPen. Opne Kontrollpanel, merk System og sikkerhet og deretter BitLocker-stasjonskryptering. Klikk Deaktiver beskyttelse. Det er to ulike nedlastingar for 32-bitars- og 64-bitarsversjonane av Windows 7 LIP. Før du startar nedlastinga, må du derfor finne ut kva versjon av Windows 7 du har installert:
Klikk Start-knappen, høgreklikk Datamaskin og vel Egenskaper. Då får du opp grunnleggjande informasjon om datamaskina.
Finn Systemtype i delen System. Her ser du om du køyrer 32-bitars eller 64-bitars versjon av operativsystemet Windows 7
For å installere 32-bitarsversjonen kan du anten
- klikke Last ned og deretter klikke Åpne for å installere LIPen
- klikke Last ned
- Klikk Lagre for å kopiere fila til datamaskina di.
- Gå til den nedlasta fila og dobbeltklikk henne for å installere LIPen
eller
For å installere 64-bitarsversjonen må du bruke alternativ 2 ovanfor.